Holdhus kyrkje - ei innføring

”Agtbare” bidragsytarar har fått namna sine inngraverte i vindauga i kyrkja (Foto: Linn Aarvik)

”Agtbare” bidragsytarar har fått namna sine inngraverte i vindauga i kyrkja (Foto: Linn Aarvik)

Holdhus kyrkje i Hålandsdalen er ei særeigen tømmerkyrkje som ikkje berre gir eit rikt innblikk i religiøse praksisar, den vitnar også om liv og levemåte i tidlegare tider.

HISTORISK OVERSIKT

Fyrste skriftlege kjelde som omtalar kyrkja på Holdhus er ei inventarliste frå 1306, kor lenge før dette kyrkja har stått er uvisst. I inventarlista vert kyrkja skildra som ei stavkyrkje med skip, kor og tårn med to kyrkjeklokker. Nokre år seinare, omkring 1350, vert kyrkja nemnt i Bjørgvin Kalfskinn som soknekyrkje, men kyrkjelyden i Hålandsalen var ikkje stor etter svartedauden sine herjingar i 1349; berre 11 personar overlevde pesten. Følgjeleg kunne ikkje folk verken syta for kyrkja økonomisk eller bruka henne mykje i dei neste hundreåra. Siste gongen kyrkja er omtala i kjeldene som stavkyrkje er i 1721. Etter dette vart ho ombygd til ei lafta kyrkje i åra 1722-1726. 

Holdhus kyrkje (Foto: Ståle Bruland)

Holdhus kyrkje (Foto: Ståle Bruland)

Byggjesoga til Holdhus kyrkje er komplisert og tidvis motstridande. Materialar har vorte oppattbrukte ved ombyggingar, noko som er med på å gjera datering vanskeleg. Klokketårnet vart truleg reist så tidleg som i 1590, delvis bygd med eldre stavkyrkjematerialar, og er såleis den eldste delen av kyrkja slik ho står i dag. Også koret som siste gong vart ombygd på midten av 1800-talet har tømmerstokkar med reistar av dekor frå stavkyrkja.

I det nye koret vart det sett inn benker for den veksande kyrkjelyden, men likevel hadde ikkje kyrkja sitjeplassar for 30 prosent av alle som sokna til kyrkja slik det vart påbode med kyrkjelova frå 1851. Kyrkja hadde vore i privat eige sidan kyrkjesalet i 1723, men vart gitt attende til kyrkjelyden i 1876 ettersom eigarane ikkje ville ta på seg ansvaret for å gjera dei naudsynte utbetringane eller å stå for eit nybygg. På 1880-talet fekk kyrkjelyden pålegg frå stiftsdireksjonen om å byggja ny kyrkje og Eide vart valt som ny kyrkjestad i Hålandsdalen. 

Etter at den nye kyrkja på Eide vart vigsla i 1890 var det brei semje om å riva den gamle kyrkja på Holdhus. Men lukkelegvis var nabo Hans H. Holdhus ein framsynt mann som såg kulturell verdi der andre såg godt tømmer. Han fekk kjøpt kyrkja for 560 kr med føresetnad om å riva henne or grunnen innan to år, men i staden selde han henne i 1900 vidare til Fortidsminneforeningen, som framleis eig kyrkja. I 1905-06 vart det gjennomført eit omfattande reparasjonsarbeid med stønad frå staten, og snart snudde også folkeopinionen i synet på kyrkja som verdfullt kulturminne.  

KYRKJA SOM SAMLINGSSTAD

I Holdhus kyrkje kan ein mellom anna sjå ein av dei eldste preikestolane i Noreg (anno 1570), ei katekismetavle frå 1590 og ein madonnaskulptur i sandstein frå tidleg 1400-talet. Dei to kyrkjeklokkene som heng i kyrkjetårnet er mest truleg dei same som vart nemnt i inventarlista frå 1306. Utsmykkinga på veggane i skipet, rankemotiv i rundbogar over draperibord, vart utført kort tid etter at kyrkja vart bygd om til lafta kyrkje. I den lafta kyrkja vart det også sett inn kostbare vindauge der namna til dei framleis står som godt eksempel til etterfølging. Det er også verdt å merke seg dei ulikt dekorerte dørene som leiar inn til kyrkjebenkane, summe med namna på familiane som hadde sin faste plass der.

Frå gravplassen, her utanføre sørveggen (Foto: Linn Aarvik)

Frå gravplassen, her utanføre sørveggen (Foto: Linn Aarvik)

I meir enn 600 år var Holdhus kyrkje fast samlingsstad i Hålandsdalen. Ved viktige merkedagar i livet som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd stod kyrkja og sakramenta i sentrum. Men å gå til kyrkjes hadde også eit sosialt aspekt; vener kom saman, avtalar vart inngått og nyhende vart formidla. Diverre hendte det også at uvener kom saman; i sær ei slik hending fekk eit tragisk utfall, fortel soga. Utom kyrkjeporten står ein stein med eit kors på til minne om mordet som fann stad på kyrkjebakken, summe meinar jamvel at steinen markerar drapsmannen si grav- utanfor vigsla jord.  

Stein med kors utanfor vigsla jord (Foto: LinnAarvik)

Stein med kors utanfor vigsla jord (Foto: LinnAarvik)

Kyrkja i dag

Sjølv om Holdhus kyrkje ikkje lenger er i ordinær bruk, er det ein årviss tradisjon å halde olsokmesse (29. juli) samt at kyrkja vert leigd ut til bryllaup og andre arrangement, mellom anna konsertar. Hålandsdalen leirskule nyttar også kyrkja til undervisning og i sumarmånadane er kyrkja open for besøkjande.

For besøk større grupper//leige av kyrkja kontakt: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på tlf. 56 58 11 30 eller Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Søk

Kopirett © 2017 Hålandsdalen.no. Alle rettar er reserverte.
Prosjektleiar: Ottar Midtrød - Design: Anders Berland